Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Disney, Walt: Askepott

Mitt barnebokminne

Walt Disney
Askepott
Mittet, 1950
Norsk tekst ved Torben Gregersen

Askepott i sveitsarvillaen

Av Solveig Aareskjold, forfattar

Til liks med Asbjørnsen og Moe var eventyra til brørne Grimm eit fast innslag i den munnlege forteljetradisjonen heime. Mens den fantasifulle og nokså ustadige far min var spesialist på Skomakaren og skreddaren og Guten som ikkje kunne grøssa, fortalde den hardtarbeidande og temmeleg slitne mor mi om den snille og flittige Askepott. Ein gong ho tok meg med på besøk til Gamle Faster, på sykkel med barnesete, var me først innom ein butikk og kjøpte ei bildebok med illustrasjonar frå Askepott-filmen til Walt Disney, for at eg ikkje skulle begynna å masa om at eg ville heim straks me var innforbi døra.

Gamle Faster var ikkje mi faster, og ikkje mor si heller, men søster til far til farfar. Ho budde i ein mørk og golvkald sveitservilla, snakka med sein og sytete stemme og gav oss ikkje mat. Midt i stova sto eit bord med sysaker, og mor interesserte seg vennleg for eit stykke brunt tøy der det var brodert nokre sting med gul tråd. Så tok ho meg med bort i sofaen og las raskt gjennom dei knappe tekstbitane i Askepottboka, slik at eg skulle få samanhengen i det, før ho gjekk tilbake til Gamle Faster bortmed bordet.

Boksidene var fulle av myser med klede på og ei pen ung jente som låg på kne og vaska golvet i eit stort, mørkt hus. Stesøstrene skulle i selskap på slottet, men Askepott fekk ikkje vera med, endå det var ho som gjorde alt arbeidet heime. Ho gjekk ut i hagen og la seg ned og gret på ein benk som sto der, mens dei påkledde mysene, ein grå hest og ein gammal hund, trøysta henne så godt dei kunne.

Då sto der brått ei kvithåra gammal dame som svinga ein tryllestav i eit dryss av stjerner: Salaga dola, mensika bola, bibbedi bobbedi bo! Vips var Askepott kledd i rosa ballkjole og skor av glas, og kjørte like til slottet i ei vogn som var laga av eit graskar og blei dregen av kvite hestar. Prinsen dansa med henne heile kvelden, men ho måtte vera heime klokka tolv, og skunda seg så fort ned trappa at ho mista den eine glasskoen. Etterpå kom nokre rare menn på besøk med skoen på ei pute, som på eit serveringsbrett. Dei late og dumme stesøstrene prøvde den eine etter den andre å få foten nedi, endå alle kunne sjå at det ikkje lét seg gjera. Men på Askepott passa den knøttvesle glasskoen akkurat. Dessutan hadde ho den andre i forklelomma.

Så var boka slutt. Bortved bordet sat mor med den kvithåra Gamle Faster, som aldri i livet hadde eigd ein tryllestav, og vel heller ikkje hadde fatta kva han skulle brukast til dersom ho tilfeldigvis fekk stukke ein i neven. Likevel trur eg ikkje det bare var rein plikt som dreiv mor til å besøka henne. Noko må der ha vore som gjekk meg hus forbi, og som heller ikkje blei fanga opp av familietradisjonen, som rekna Gamle Faster for eit passivt og udugeleg vesen som i ungdommen til allmenn overrasking var blitt plukka opp av ein vennleg og velståande mann og plassert i ein herskapleg villa, der ho blei ved å syta, fordi det var sånn ho var. Ho som ikkje ein gong gav gjestene sine mat, må trass i alt ha hatt noko å by på, om ikkje anna så det at ho var eit levande døme på at det fanst ein verre lagnad enn å måtta slita både tidleg og seint og slett ikkje vera gift med ein prins.

Lagt til: 2012-09-16
  

[ Gå til arkiv over barnebokminner ]


  Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
Sidegenerering: 0.019 Sekunder