Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Floden, Halvor: Gjenta frå landsvegen

Mitt barnebokminne

Halvor Floden
Gjenta frå landsvegen (1936)
Olaf Norlis forlag

Av Vibeke Mowinckel Lorentz, bibliotekar

Bøker var viktige i barndomen min. Både mor og far las for meg og søskena mine. Vi vart kjende med bøker både frå deira barndom og dei som var nye i vår eiga tid. I tillegg fortalde far eventyr, både dei kjende folkeeventyra og sjølvdikta soger.

Da eg byrja på skulen vart det meir høgtlesing i tillegg til at eg nå etterkvart kunne lesa sjølv. Eg har så mange gode lesaropplevingar å minnast både heimanfrå og på skulen at det er vanskeleg å velja. Lærar Magnhild førde meg inn i den nynorske bokheimen, og ei av dei bøkene som gjorde sterkast inntrykk var Gjenta frå landsvegen av Halvor Floden. Etter at ho las boka for oss i klassen, las eg ho fleire gonger på eiga hand. Første utgåva av boka kom på Olaf Norlis forlag i 1936, 2.opplag 1947. Ei kom i 1949, Anna fra landeveien, overført til bokmål av Jo Tenfjord.

Eg kan framleis kjenna spenninga Gjenta frå landsvegen gav meg frå første stund. Eg ser så levande for meg familien på Bjorhaug samla framfor kjøkenmuren ein vinterkveld like etter jul, og så brått er heile den truande taterflokken der og ber om mat og husly. Bonden Hallstein og kona Kari gir dei det, og ikkje lenge etter har taterane invadert heimen. Ungane i huset trekk seg attende og ser med store auge på korleis dei ville taterungane fer fram. Etterkvart blir gardsungane litt modigare, og det blir ein slags leik mellom dei. Kåre, ein av sonene på garden, syner fram ein blank sølvmynt som alle vert svært interesserte i. Mynten forsvinn, og den vesle taterjenta Anna vert mistenkt for å ha stole den. Da syner Lang-Johan at han ikkje nøler med å tukta ungane sine. Gardsfolket og taterane vert mållause tilskodarar til at vesle Anna får så mykje pryl at ho ikkje kan røra seg.

Det kjem til mange konfrontasjonar før taterane gjev seg i veg att utan Anna. Ho er vorten sjuk og må bli på garden til ho er frisk. Johan og kona Brita går med på det, men dei skal snart koma att og henta dotter si.

Tida går og Anna vert frisk og finn seg betre og betre til rette på Bjorhaug. Kari og Hallstein som berre har soner frå før, får ei dotter, og frå første stund vert Anna ei kjærleg og dugande passejente for vesle Hulda. Da taterane endeleg kjem for å henta Anna ønskjer korkje Bjorhaugfolket eller jenta sjølv at ho skal ut på landevegen igjen. Taterane er slett ikkje nøgde med at Anna blir igjen, men dei gir seg motviljuge i veg.

Her er det lett å skjøna at noko uhyggeleg vil skje. Ei tid etter er gardsfolka ute på slåttemarka. Men Kari kjenner seg ikkje trygg, så ho, Kåre og Anna er heime for å sjå til Hulda. Brått vert dei merksame på at geitene er sleppte laus, og dei må av stad og henta dei inn att. Medan dei er opptekne med å samla geiteflokken, ser dei at det brenn i huset der vesle Hulda søv på loftet. Nå kjem ei dramatisk skildring av korleis Anna til slutt kjem seg opp på det brennande loftet, men der er inga Hulda. Ho har taterkona Brita henta før taterane sette huset i brann.

Anna vert sterkt forbrend, men ho overlever, og ho får bli på Bjorhaug der også Hulda er trygt heime igjen. Historia har ein lukkeleg slutt for Anna og folket på garden, men ikkje for taterane. Dei får si velfortente straff.

Dette er ei svart/kvitt forteljing som syner redsla dei fastbuande hadde for dei reisande i den tida som vert skildra her. Bøndene er snille og velmeinande mens taterane er framstilte som lure og smiskande. Dei mishandlar til og med barna sine. For meg som lesar den gongen var det slik det skulle vera. Sympatien var heilt på Anna og dei snille folka på Bjorhaug si side.

Ser ein på Gjenta frå landsvegen med eit vaksent blikk, er her mange sosiale aspekt. Linene kan til dømes trekkjast til handsaminga av romfolket i våre dagar. Forfattaren er inne på tanken om å integrera taterbarn i det norske samfunnet mot foreldra sin vilje. Her er kamp mellom ei biologisk mor og ei fostermor. Ein synest synd på taterkona Brita som må gi slepp på dotter si. Sjølv om ho er full av hat og vondskap så er ho glad i barnet sitt, og inst inne vil ho det beste for det.

Gjenta frå landsvegen står for meg trist og spennande, som ei av mange gode lesaropplevingar frå barndomen.

Lagt til: 2012-09-20
  

[ Gå til arkiv over barnebokminner ]


  Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
Sidegenerering: 0.020 Sekunder