Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Milne, A. A.: Ole Brumm og vennene hans

A. Milne
Ole Brumm og vennene hans
Oversatt av Mathilde Oftedal
Gyldendal 1947

Av Einar Økland, forfatter

«FORSTÅ HVA?» (Ole Brumm)
Tidlege leseminne

Då eg byrja på Valestrand skule som seksåring i 1946, kunne eg alt lese. Det hadde mor mi lært meg. Det var ikkje noko uvanleg her i bygda. (Handskrift derimot har eg aldri fått til.) Merkverdig nok minnest eg ikkje når eller korleis dette storarta skjedde. Men så minnest eg heller ikkje at eg blei fødd. Mor mi lærte meg dessutan å lese «bibelskrift», d.v.s. frakturskrift, eller gotisk skrift, difor har eg «alltid» kunna det. Eg har inga aning om kva bøker vi kan ha peika og stava oss fram i då leselæringa pågjekk.

Mine tidlegaste litterære opplevingar var utan tvil sungne dikt. Salmar og songar eg høyrde ved ulike høgtider og samkomer i bygda: «Jeg har så lun en hytte udi mit stille sind», «Den store hvite flokk vi se, som tusen bjerge full av sne», «Jeg råde vil alle i ungdommens dage», «Fager kveldsol smiler», «No livnar det i lundar», «Sørg O kjære Fader, du, Jeg vil ikke sørge». Dei stempla seg inn i øyra, i hugen, i språket.

Som barn las eg det eg kom over og trur ikkje eg skjøna stort av det, men lærte mykje. Eitt tidleg møte med ei bok skulle eg gjerne vore forutan. Det skuldast ikkje teksten, men illustrasjonane. Dei sette seg fast og gjekk aldri bort. Far min, mor mi og eg var på besøk hos Anna Borvåg, den gamle «bakstekona» som budde i ei nabobygd og som bruka kome til oss nokre dagar kvart år for å bake lefser og flatbrød. Mens dei vaksne snakka saman, byrja eg bla i ei lita bok ho hadde. Der såg eg noko forferdeleg: Ei bokside med ei teikning som viste eit stort hjarta og alt det forferdelege og stygge som heldt til inni der. Det var nemleg hjarta til ein syndar fylt med djevelen og alt hans vesen. Eg blei frå meg av skrekk, for eg oppfatta straks hjarta som mitt. Såpass visste eg jo om meg sjølv, at eg var eit syndig og feilbarleg vesen. Boka heitte Hjærte-Speyl. Som vaksen har eg lært at dette er ei gammal folkebok som har vore spreidd i mange opplag og variantar. Kort tid etterpå opna eg ei tjukk, raud bok som mor mi hadde fått med seg heimanfrå då ho gifte seg. Det var Daniels Bog og Aabenbaringen av Uriah Smith (utgitt på norsk i USA i 1907), har eg funne ut som vaksen. Her fekk eg midt i ansiktet bilde av dei sju endetidsenglane som helte dei sju siste plagene ut over jorda saman med bilde av fryktelege monsterdyr som skulle kome og ta oss når jorda gjekk under. Griffen og parderen og løva med horn (det eine symboliserte pavedømet). Domedag. Eg minnest eg klappa boka att for aldri meir å sjå i den. Men likevel stod skrekkverket der og eg visste kva som var inni. – Stutt sagt, eg var i tidlege år sterkt plaga av religiøs fortapingsangst og forferdelege undergangsopplevingar. Når eg var åleine og ikkje offer for panikken, hadde eg mange og lange resonnement og dialogar med meg sjølv om desse sadistiske ting. – Mi bygd var ei verdsleg bygd til dagleg, om enn religiøse element var innsprengt i daglegtalen, stundom svært så frimodig og lysteleg. Storemannen eller Vårherre var nærast ein akta nabo som alle kjende. Han var fjern og sindig og stelte med sitt. Hinmannen eller Vondemannen derimot luska omkring som ein lumsk fant eller omstreifar som gjerne sneik seg inn for å bli med der det var dans, drikking eller kortspel. (Bibelske figurar som Lazarus og Metusalem og Moses var oftare på tale enn Jesus og Maria). Om vi ungane plystra og laug og ikkje var skikkelege (den som plystrar han lyg, og den som lyg han stel) kunne Vondemannen kome og ta oss. (Truleg meir fordi han lika oss enn fordi han mislika oss. Men likevel.) Han hadde elles same pedagogiske funksjon som doktoren.Viss ungar ikkje slutta å skrike, ikkje åt maten sin, eller hadde andre åtferdsvanskar, heitte det: «Ja, då kjem doktoren!» eller «Ja, då må vi hente doktoren!» Folk slo ikkje ungane sine i vår bygd, og doktoren kom sjeldan, så det blei gjerne med trugsmålet.

Eg fekk ei bok som far min kjøpte i landhandelen ein gong i slutten av krigsåra, der selde ein ikkje berre sirup i laus vekt, men også bøker fram til midten av 1950-åra. Boka, eit ryggstifta hefte, heitte Gutten som fikk hjelp av dyra. Det var ei forteljing om ein gut som sakna far sin og drog ut i skogen for å leite etter han. Undervegs fekk han leitehjelp av ulike dyr: kråka, ugla, hakkespetten, reven, bjørnen, grevlingen, elgen, haren - og til slutt blei faren funnen. Han låg under eit velta tre og kom ikkje laus. Men med felles krefter greidde guten og alle dyra å løfte treet av han. Og så bar det heimover der alle fekk god mat av ei glad mor før alle drog attende «til skog og hei, til hjemmet sitt. Der kan de leve fritt.» Boka var ei bildebok med heilsides illustrasjonar av Christian Kittelsen og forteljande vers av Odd Galtung Eskeland, utgitt av Lærdal i Stavanger i 1943. Mor mi song heile boka for meg om kvelden mens eg sat på fanget hennar. Far min lika så godt den boka, fortalde ho meg seinare. Og kanskje var det difor ho i alle år etter han var død (1947) tok vare på den. Og difor er det vel også at eg seinare kom minnast den ekstra godt. – Mor mi dikta sjølv opp lange forteljande songar som ho song med meg på fanget under parafinlampen på kjøkkenet i krigsåra, og eg var støtt hovudperson i desse improviserte songane. Ho nytta ofte melodien til «Där björkarna susa». – Eg ser av påskrifta at då eg var tre år gammal, gav ho meg eit stort postkortalbum som ho sette alle jule- og gratulasjonskorta adresserte til meg inn i. Det tok halvtanna hundre kort og blei tidleg fullt. Dette var ei bok eg ofte studerte. Krigen var ei postkorttid. Sidan eg har boka, må eg også tidleg ha peika meg gjennom enkle Egners Lilleput-bok, Lekene mine, frå 1943, men eg minnest ikkje at eller når det kan ha skjedd.

Som barn las eg som ein forviten eskapist. Eg las for å ha det godt. Mykje av mi tidlegaste lesing har eg gløymt, men ei bok står i minnet med ein aura av vemod og glede: 1947-utgåva av Milnes Ole Brumm og vennene hans, omsett av Mathilde Oftedal, utgitt som GGB-bok med grøn rygg på Gyldendal. Den fekk eg til fødselsdagen min 17.januar 1948. Eg las boka straks og har lese den eit utal gonger seinare. Ei idyllisk bok heilt utan moralsk-pedagogisk eller religiøs terrorisme. Der kunne eg gå ut or denne tida og inn i ei anna tid, tida i Hundremeterskogen der trea aldri kunne teljast. Eg oppsøkte ofte den skogen og den tida. Både i boka og i det nordmenn kallar «ute i naturen». Kanskje fordi eg trong tidlause og eg-lause idyllar den gong, tenkjer eg i dag. Det var ikkje ein figur i boka som eg ikkje lika og kjende meg att i: Den triste Tussi, den komiske og bråkjekke Tigergutt, den fjerne og ubekymra Kristoffer Robin, den einfaldige Brumm, den engstelege Nasse, den skarpe Ugla, det leikne Kengubarnet, den uansvarlege Sprett, den ansvarlege Kengumora. Mykje takka vere denne boka, modnast eg eit hakk og eskaperte vedunderleg som fleire ulike «personar» samstundes. Redde, fortvila, tungsindige. Kloke, naive, snusfornuftige. Leikne, oppfinnsame, lettliva. Dei fleste har klart seg bra til denne dag. Det ville eg kanskje aldri greidd åleine.


Forrige barnebokminne / Neste barnebokminne

Takk til Norsk barnebokinstitutt for avbildningen av forsiden. Boka fins i instituttets samling.

Lagt til: 2006-11-15
  

[ Gå til arkiv over barnebokminner ]


  Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
Sidegenerering: 0.019 Sekunder