Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

McCann, Sean: Skyt, Georgie, skyt

Barnebokminne
Av Arnfinn Kolerud - kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok 2004

Skyt, Georgie, skyt!

I dei første ungdomsåra var eg oppslukt av fotball. Eg såg alle tippekampane, spelte ving på lilleputtlaget, sparka fotball i alle friminutt og samla sjølvsagt på fotballkort. Mot slutten av vinteren måkte eg hagen fri for snøv og sparka fotball der aleine, spelte vegg med grunnmuren, dribla epletrea og scora mellom to hesjestaurar til det vart så mørkt at eg ikkje lenger såg ballen. Ofte drøymte eg om å få tak i ein tverrliggar. Og eg las store stablar med fotballbøker.

Sean McCann var ein av forfattarane. I dag tør eg ikkje seie om han var den beste. Eg hugsar ikkje alle forfattarane og bøkene frå kvarandre. Men eg las alle bøkene om Georgie Goode, så McCann får stå som representant for dei alle. Bøkene til McCann og dei andre handla som oftast om unge gutar i England eller Sverige, dei kom gjerne ny til ein by og gjorde halvgode gutelag gode. Helten spelte alltid spiss og scora ofte avgjerande mål i sluttminutta. I tillegg var dei jo sympatiske gutar, så det var lett å identifisere seg med dei …

I dag hugsar eg ikkje desse bøkene som litteratur, men som minnebøker frå mitt eige liv. Det helten gjorde i boka, måtte eg sjølv prøve ut: I ei av bøkene var det ein gut som trente mot eit tre i ein park. Øvinga gjekk ut på å legge frå seg fotballen eit godt stykke frå treet, sparke den mot stammen, springe opp ballen dit den kom i retur, og så - utan å dempe ballen - sende den tilbake mot stammen. Og så vidare. Det høyrtest svært vanskeleg ut, men eg gjekk ut i hagen for å prøve. Der stod eit uskuldig epletre. Om det var vanskeleg? Det var umuleg! Eg bomma på heile epletreet og låg mesteparten av kvelden og leita etter ballen under ripsbuskane. Kva slags gutar fanst det i England? Kva slags tre hadde dei der borte?

Eit anna minne er frå mi første fotballtrening. Eg hugsar det nok fordi eg på same tid las om Brian og Gary og Georgie, alle flinke og vellukka på trening og i kamp. Gutar som greidde seg sjølve og som eg skulle leve opp til. Men så, på mi første trening, med heilt nye sko, gjekk dei lange glatte skolissene opp. Dei flagra ein halv meter etter meg når eg sprang.
– Skal eg hjelpe deg å knyte dei, spurte trenaren. Nokre av dei andre gutane lo.
– Nei, svarte eg. – Eg liker å ha dei sånn!

...

Første gang utgitt
Sean McCann
Skyt, Georgie, skyt!
Illustrasjoner av Barry Raynor
Griegs forlag 1976.

Boka fins i Norsk Barnebokinstitutts samling.

Forrige barnebokminne / Neste barnebokminne

Lagt til: 2005-03-02

Relatert link: Anmeldelse av Den som ikkje har gøymt seg no   

[
Gå til arkiv over barnebokminner ]


  Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
Sidegenerering: 0.020 Sekunder