Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

FAKTABOK-SVOLTNE
UNGE VIL HA MEIR

Av Egil Hyldmo, Trondheim
- forfattar av fakta/fiksjonsbøker for barn og unge


Det er all grunn til å helse artiklar som den Lars Helge Nilsen skreiv i barnebokkritikk.no i oktober 2004 velkommen. Dei få norskskrivne faktabøkene for barn og unge druknar i mediestøy frå vaksenlitteraturen og skjønlitteratur for dei yngste. I bokhandlane skyggar store bestselgarstablar for innsynet til barnas faktalitteraturtilbod. I beste fall er slike bøker stua vekk i inste krok av butikken. I verste tilfelle har dei hamna på lageret, slik eg sjøl har opplevd.


Av alle bøkene som finst på offisielle bibliotek skal visstnok tre fjerdedelar av vaksenbøkene vere faglitteratur. Når det gjeld barne- og ungdomsbøker er situasjonen vere motsett, berre ein fjerdepart er fagbøker. Da blir det bakvendt å skulde unge menn for å lese for lite. Dei har som kjent ein hang til å foretrekke fag. Eit betre fagboktilbod vil og bidra til auka lesing av skjønlitteratur blant gutar. Eg er usamd med Nilsen i at faktabøker for ungdom langt på veg er unødvendige. Dei er tvert i mot viktige for å halde lesevegrande unge menn i gang med boklesing. Mi erfaring er at vaksne les med stort utbytte fagbøker med ei ungdommeleg vinkling.

Lars Helge Nilsen viser til at auken i faktabøker for barneskolebarn var dobbelt så stor i 2002 som for skjønlitterære bøker. Grunnen er nok hovudsakleg at tilbodet langt frå dekkjer etterspørselen. Han lurer på kor forlaga er. Dei store forlaga, med unntak av Damm, Cappelen og Gyldendal, er alt for redde for pengane sine. Mange gode bokmanuskript ligg i forfattarskuffer på grunn av forlagas manglande risikovilje.

Skjønlitteratur og faktabøker for unge burde hatt dei same vilkåra. I dag har vi ei selektiv innkjøpsordning som berre femner om 20 titlar i året, mens talet var nede i 11 – 12 for to-tre år sia. Dette er alt for lite ambisiøst på vegne av boksvoltne, unge lesarar. Helst burde dette taket fjernast, eller i det minste 100 titlar bli innkjøpte. Dagens ordning fremjer utgjeving av billege, oversette faktabøker. Nilsen sin statistikk viser at 60 prosent (350 av 592 titlar) frå 1990 til 2003 var utanlandske. Berre 17 norskskrivne bøker kom ut i snitt per år!

Eit eksempel på kor semmert tilbodet av norskskrivne faktabøker for unge er: To av tre bøker om andre land som finst i norske bibliotek er danske! Vi manglar bøker for unge om land som Pakistan og Irak. Det er ei skam at vi veit så lite om desse og andre land, som har gitt oss så mange nye landsmenn dei siste åra. Sjøl har eg prøvt å fylle saknet ved å skrive bøker om Bosnia-Herzegovina (i 05) og Serbia og Montenegro (kjem i 06). Oversette bøker vil ofte ha ein forkjært ståstad. Det verste eksemplet er ei bok om Sverige, som vart oversett frå engelsk til norsk.

Heldigvis har det kome fleire geografibøker i det aller siste, men vi har ei heil verd av spennande nasjonar å ta av. Eg er samd med Nilsen i at bøker om dyr er eit av få felt som synest å vere bra dekt. Det var ikkje tilfellet for ti år sia, da eg starta min serie om dei fire, store norske rovdyra med Ulveboka. Da var bøker om afrikanske dyr i fleirtal.

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) deler prisverdig nok ut eigne stipend til barne- og ungdomsbokprosjekt, ei ordning som har kome og gått. Summen er ein halv million kroner årleg. Det er for puslete, for ein organisasjon som bør vere opptatt av å rekruttere nye, unge lesarar. Stipendpotta burde ha vore tidobla. NFF har hatt ein tendens til å skyve ansvaret over på Stortinget og Norsk kulturråd, i staden for sjøl å bla opp skikkeleg. Positive tiltak som fagforfattarutdanning og debutantstipend i regi av NFF kjem sjølsagt og forfattarar av fagbøker for barn og unge til gode.

  Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
Sidegenerering: 0.021 Sekunder