Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

Fagbokeventyr
Askeladden og det tre-hoda boktrollet

Av Egil Hyldmo, forfattar av fakta/fiksjonsbøker for barn og unge

Langt mot nord budde det eit folk, som strevde og sleit for føda. Da ridom råka folket, vart menneska kravstore og kunnskapslause prispugarar. Det mislikte kulturfyrsten i landet. Han lyste ut ei tevling, for å auke folks kunnskapsnivå. Vinnaren skulle få heile Nord-Norge og halve prinsessegemalen.

I ein avdal sit Espen askeladd ved grua og gnukkar på sine gullkorn og drøymer om å bli diktar. Dei to eldre brørne hans, Per og Pål, døydde nyleg av kunnskapsmangel. Espen trur at kunnskapen fins i litteraturen, må vite.

Etter å ha gått lengre enn langt kjem han til næraste bokhandel. Bak store bokstablar og grelle plakatar, dukkar det trehoda boktrollet opp. Euro-stjerner lyser ut av tallerkenstore auge.
- Velkomen til vår skjønne verd, ljomar det første hovudet. - Her finn du dei nyaste og mest spennande bøkene på heile kloden. Espen ryggar attende, men klorer seg fast i dørklinka. Det andre hovudet smiler sleiskt og kviskrar lågt, til troll å vere:
- Om du syns at prisane er vel høge, så har vi nett halvert prisane på halvt år gamle bøker. Askeladden tar noen sakte steg innover i butikken. Brått dukkar risen opp igjen. Det tredje hovudet opnar kjeften på vidt gap. Ein illeluktande kuling held på å blåse Espen over endre.
- Og ikkje nok med det, rungar det: - No kan du kjøpe fjorårets bøker i mjuke permar til under hundrelappen. Askeladden gjer katedral-teiknet og brått dreg trollet ad dundas.
- Det må da finnast andre bøker, tenkjer Espen. Da høyrer han ein gammel mann seie: - Er du på leiting etter ekte kunnskap? Espen spør djervt: - Kven er du og kor er du?
- Eg har vore her i alle år og sett eigarar og kundar kome og gå. Få viser respekt for lødig litteratur, dei behandlar bøker som bleier og dopapir. Pris betyr meir enn kvalitet. Eg heiter Æsop, og du finn meg i hylla framfor deg.
- Eg opplever å bli flytta stadig lengre bak i butikken saman med eventyrbøker, såkalla ”smal litteratur”og diktsamlingar. Bokhandlarane har snart ikkje plass til oss lenger. Gå til innerste hylle, der finn du dei som verkeleg er ille ute.
Ståkande stemmer møter Espen, på veg til den innarste kroken. Den inneheld barnebøker. Gamle figurar som Tante brun, Pippi og Ole Brumm ruler. Sinte rop kjem frå noen få fagbøker for barn, på nederste rad:
- Vi gjespar oss i hel! Vi vil opp og fram! Vi blir færre og færre norskskrivne. Mange av vennene våre er kasta ned i den kalde kjellaren. Nesten ingen nye kameratar dukkar opp. Dei fleste som kjem er oversette, noen er til og med på dansk! Ikkje minst likar gutar å lese oss. Og så skjenner dei vaksne på unge menn, fordi dei les så lite!
Espen askeladd skundar seg til kulturdrotten. Der får han vite at motstandarar same dag har kasta fyrsten i frykt for kunnskapens makt og gitt jobben til ein pengepugar.

PS: I følgje Forlagssentralen/Mentor stupte salet av faglitteratur for barn og unge med 37 prosent frå 2005 til 06.

  Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
Sidegenerering: 0.018 Sekunder