Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat     Send til en venn  Send til en venn

Hordaland Teater: Dyrehagen Hardanger


Jon Fosse / Jane Rasch: Dyrehagen Hardanger

Regissør: Sigurd Aae Klausen og Trond Birkedal
Scenografi og kostymedesign: Åse Hegrenes
Musikk: Frank Rolland, Einar Mjølsnes, Ivar Kolve og Jostein Stalheim
Koreografi: Sigurd Aae Klausen / Christopher Cardoso, Silje Onstad Hålien, Piero Issa, Stephanie M. Mowinckel
Lysdesign: Sigve Sælensminde
Omsetjing av dramatiseringa: John Stavland
På scena: Erlend Hammer Hanssen, Kenneth Homstad, Christopher Cardoso,Audemars Piguet Replica Watches Silje Onstad Hålien, Piero Issa, Stephanie M. Mowinckel, Frank Rolland, Einar Mjølsnes, Ivar Kolve og Jostein Stalheim.

Hordaland Teater, Stend, 06.03.12

Meldt av Petra J. Helgesen

NÅR DYREPASSARANE ER VEKKE, DANSAR DYRA PÅ LÅVEN

Dyrehagen Hardanger er ei kontrastfylt og velregissert framsyning. I den eine augneblinken krangling og tung Jon Fosse-melankoli, i den neste barneleik og lausdans på ei scene full av glede og overskot.


– Det er bestefar min sin låve! Kenneth Homstad står på ei gråmåla plommekasse og ropar så høgt han kan. Han speler dyrepassar Jon i Hordaland Teater si storsatsing Dyrehagen Hardanger. Dei andre på scena leikar ikkje slik han vil at dei skal leike. Dei skal vere dyr i dyrehagen hans, men dei pratar og rømmer og dansar heile tida. Dyrepassar Helge er også heilt udugeleg. Det er sjølvsagt hans skuld at Tigeren Knut har stukke av frå leiken, og no er på butikken for å kjøpe snop.

Kor livet fer hardt med Jon! Til gjengjeld fer han hardt med dei andre ungane.

Barneboka
Det varregissør og koreograf Sigurd Aae Klausen som først ønska å dramatisere Jon Fosses barnebok Dyrehagen Hardanger frå 1993. Det er eit overraskande val, og enno meir overraskande at teatersjef og regissør Trond Birkedal tente på ideen. Dyrehagen Hardangerer ein merkeleg formlaus tekst, og Fosse har etter mi vurdering skrive mange betre bøker for barn.

Boka viser oss eit glimt frå Fosses eigen barndom i Hardanger på seint 60-tal. Den har eit gjennomført barneperspektiv, der alle dei negative og frustrerte kjenslene til hovudpersonen Jon er i sentrum av handlinga. Det er ikkje kjekt å leike når ikkje alle vil gjere som han seier, og i alle fall ikkje når dei vaksne ler av han. Det er i så måte ein nokså typisk Fosse-tekst der alle pratar forbi kvarandre og den eksistensielle angsten ligg like under overflata – ikkje ein opplagt tekst å gripe til om du vil lage ei fargesprakande danseframsyning.

Vill blanding
Kanskje er det nettopp at teksten er relativt ukjent, som gjer den til fristande stoff for ei dramatisering. Det gjer at ensemblet står friare til å gjere kva dei vil. Sidan det er ein Fosse-tekst har den dessutan klare dramatiske element i form av replikkar og tablå, som Hordaland Teater og den danske dramatikaren Jane Rasch har utnytta på ein overtydande måte.

Mest iaugefallande av desse to elementa, er nok tablåa i teksten til Fosse. Boka er nærast bygd opp slik at vi går frå stasjon til stasjon, og ser eitt og eitt dyr om gongen, og all handling skjer på eit svært avgrensa område. Dette gir tydelege scenebilete, som Hordaland Teater viser oss både i statiske fryssituasjonar og i dynamisk handling. Scenografien til Åse Hegernes fyller fint ut med ei blanding av motsetningane sirkus og nedsliten låve.



Replikkvekslingane til Fosse er det i grunnen berre å klippe rett ut av teksten, noko dramatikaren i stor grad har gjort. Dei fungerer som ein flott og mørk kontrast til dei forrykande danseshowa Sigurd Aae Klausen og dei fire dansarane, Christopher Cardoso, Silje Onstad Hålien, Piero Issa og Stephanie M. Mowinckel har koregrafert.

Det er ein spennande blanding av musikk- og dansestilar på same scene: Cardoso og Issa breikar, Hålien dansar moderne folkedans og Mowinckel hip hop, mens dei fire musikarane, Frank Rolland, Einar Mjølsnes, Ivar Kolve og Jostein Stalheim, gir oss ei blanding av folkemusikk og jazz. Enda meir forvirrande herleg blir det fordi alle dei fire musikarane entrar scena i glitrande blå discokostyme og platåsko.

Det dystre, og nokre gonger aggressive i replikkane får støtte i lydkulissane til Sigve Sælensminde. I tillegg til å kontrastere dei meir herjande og fartsfylte musikalske uttrykka, blir desse lydkulissane enda eit nytt lydleg uttrykk. Det merkelege er at all denne blandinga fungerer. Publikum blir i godt humør.

Tyrann
Eit anna dramatisk element i barneboka er sjølve leiken, for ungane er ein slags skodespelarar i dyrerollene sine, og alle følgjer Jons instruksjonar. Når Hordaland Teater tar dette opp på scena, får det ein morosam metateatral effekt, og samanlikninga mellom leiken og teateret blir eksplisitt.

At Jon har regi, er klart frå første stund både i boka og på scenen. Han har all makt fordi det er hans låve. Det er ein stor styrke for sceneversjonen at dei andre ungane gjer meir opprør, har det artigare og dansar villare når dei to dyrepassarane ikkje er der. Jon sin kontroll blir på den måten mindre truande. For det er lita tvil om at Jon er ein tyrann i sitt eige vesle minidiktatur. Han truar og mobbar dei andre, og kjeftar kvar gong dei kjem i skade for å snakke i staden for å grynte.
I den grad vi får ei psykologisk forklaring på kvifor Jon hersar slik med dei andre ungane, handlar det om inkompetente vaksne som ler av leiken deira, eller nektar dei å lage høge lydar. Mannen med stokken (mannen med ljåen?) kallar dei bestefaren som lokar rundt hushjørna og kan kome til å jage dei i raseri når som helst. Dei andre ungane, kanskje reint bortsett frå medpassar Helge, tek seg ikkje nær av dei vaksne, men det gjer Jon. Han blir rasande og frustrert.

Når Jon ikkje er nøgd, er det Villsvinet Bård som får seg eit spark eller Apekatten Tove som blir snytt for dei lova bananane. Det er sjølvsagt ikkje Jon som er problemet. – De øydelegg alt! er hans yndlingsreplikk retta mot dyra, og dyrepassar Helge får stadig skulda for det som går gale.

Stort sett klarer Hordaland Teater å få til ein god balanse mellom dei dystre og dei leikne partia, men av og til glir dei over i kvarandre, og ein set latteren i halsen. Det er ikkje kjekt når mobbescenar er meint å vere komiske.

Alt i alt er det god innsats av alle aktørar i Hordaland Teaters storsatsing. Publikum kan gå heim dansande, og lure på kva Jon skal gjere med alle bananane når det undertrykte folket hans har flykta ut i fridommen.

Om Petra J. Helgesen



 
  Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
Sidegenerering: 0.020 Sekunder