Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat     Send til en venn  Send til en venn

Gutten og gullfuglen på Hålogaland Teater


Gutten og gullfuglen
på Hålogaland Teater

I Harstad: 19.–20. juni
På turné: 5.–21. september
Speleperiode i Tromsø: 27. september–22. oktober

Passar for: Barn over tre år

Basert på ei forteljing av: Nils Utsi, Sigmund Sæverud, Tone Danielsen
Med: Julia Bache-Wiig, Kristian Fr. Figenschow jr., Guri Johnson
Regi: Ketil Høegh
Scenografi og kostyme: Hege Pålsrud
Musiker/lyd: Håvard Sørum Hotvedt
Musikk: Hagen/Kjelsberg/Hotvedt
Lysdesign: Reidar Andreas Richardsen

Meldt av Kjersti Kollbotn


OM Å SMILE HEILE VEGEN HEIM MED BEGEISTRING I KROPPEN

«Hadde ikkje øyra vore i vegen, hadde kjeften gått heilt rundt.» Slik kjentest det då eg etter førestillinga tusla ut i hausten og skyminga. Optimistisk og glad: I kveld kan ingenting vondt skje, tenkte eg, og alt vil gå bra til slutt!


«Skulle ha vart lenger», sukka ein gut tilfreds og trist på same tid idet han kom ut frå salen. Femti minutt utan eit dødpunkt. Før vi visste ordet av det, måtte vi reise oss og gå.

Vi er i skogen, i lyset, i mørket, ved elva, ved havet, i havet, på øya, i berget. Enkel scenografi, presis bruk av musikk og lyd, god lyssetting, samt ei passe mengde digitale effektar, tek oss lett og ledig frå scene til scene, frå stemning til stemning: Skrekk og gru i eine augneblinken, til gapskratt og glede i den andre. Og figurane som dukkar opp på scena i fin flyt, får liten og stor til både måpe. Det er regler og rim. Ny, dagsaktuell songtekst framført til kjente og kjære melodiar. Og det er gjøgling og rapping.

Blåbærplukking i Stallo-land
«Kra kra», krakar kråka mellom greiner. Farlege lydar frå pianoet smell mellom steinknausar som er filtkledde i grått. Eitkvart brølar i skogen bakom. Trea bølgjer seg rundt scena som skuggar på stoff. Skogbotnen er eit teppe.

Veslebror og storesøster kjem hoppande med blåbærbytter dinglande i hendene, busserullkledde i blått og raudt. Veslebror tøysar og tullar og syng. Optimistisk og overmotig: Åh, han skal jage bort Stalloen om han kjem med den store, stygge Hoven! Og storesøster er storesøster. Fornuftig. Forsiktig. Ansvarsfull. Småredd. Mest oppteken av at mora skal få blåbærsyltetøy til pannekakene.

Halvt menneske. Halvt djevel. Ein barneetar
Stalloar finst i samiske mytologi og segn. Dei kan vere halvt dyr og halvt menneske. Skremmande framtoningar som et ungar.

Historia som utspelar seg på scena, baserer seg på ei forteljing skapt for snart førti år sidan av teaterets pionerar. Det er som eit eventyr. Det er eit eventyr. To barn åleine i skogen. Stalloen kjem og fakkar storesøster med Hoven, tek henne med til berget og gjer henne til slave om dagen, og til ein trist og vakker Gullfugl om natta. Broren legg trøstig i veg for finne søstera og setje henne fri frå fangenskap. Og som i eventyra, møter han mange gode hjelparar på sin veg. Veslebror ber om hjelp også frå publikum – i akkurat passe mengde – og publikum vil meir enn gjerne hjelpe til.

Og herifrå tek førestillinga til å knalle, og energien held stykket ut.

Dei gode hjelparane – «knallisane»
Den eine knallisen etter den andre susar inn på, og ut av scena. Kristian Fr. Figenschow jr. og Guri Johnson er strålande i alle karakterane frå kjerring til kobbe til tre, og frå hund til rev og bever, og til slutt som to Stallo-brør.

Kjerringa som blir så glad over at Veslebror kallar henne bestemor at ho gjev han ein kvist som kan vise himmelretningar. Ho og hunden hennar fortel også ei vakker regle som skal få Gullfuglen til å kome ut av berget. Veslebror vender seg mot salen og barn og vaksne kastar seg uti regla med tilhøyrande fakter.

Hunden lograr og pissar, «no må eg ta det piano», klynkar han og lener seg mot det svartblanke musikkinstrumentet. Ordspela kjem tett som hagl. Den oppblåste Bever Sjefsvassdragsingeniør som skal demme opp Alta-Kautokeino-vassdraget og som har «øyra full av flis». Treet som ber for sitt liv, men som likevel vert felt av bevertennene og slik hjelper Veslebror over elva. Vi møter den morgongretne og kaffisugne Kobben som er «full av gruff», og Fr. Rev Nervøs i hektisk og trippande gange. Muleg at ein del av kommentarane gjekk dei minste hus forbi, men det var i alle fall nok humor til alle.



Stallo-brørne med nylonstrømper og dyreføter
Med strømper over hovudet og bein som minner om dyreføter, jaktar Stallo-brørne på Veslebror då han kjem fram til berget der søstera er fanga. Brørne er fæle og stygge, men blir etter kvart mildare og snillare med hjelp frå Veslebror og publikum, samt ein porsjon truslar om oppkjøp av Stallo-land. Stalloane lover bot og betring og slepper Storesøster fri.

To rifter i begeistringa: Tam kidnapping – snill jente, modig gut
Ketil Høegh har gjort det nært førti år gamle stykket til ei aktuell og morosam førestilling for både store og små. Førestillinga utstrålar godskap og varme og lukkekjensle.

Og midt oppi dette «må» det (sjølvsagt) kome noko som klemmer stykket litt saman, gjer det litt mindre enn fullkome.

Storesøster vert for svakt etablert i starten og røvinga gjekk føre seg så stillsleg og så udramatisk at kjensla av at noko stod på spel, vart fråverande: Barna skulle ha sete å klapra med føtene, ropt «nei nei!» då den store Hoven slepte Storesøster bort. Slik kunne bortføringa og kampen for å setje søstera fri, blitt ein triller. Eg gløymer undervegs at Veslebror skal redde søstera si. Spenninga knytt til om Veslebror vil lukkast, oppstår ikkje.

Det er mykje muleg at dei yngste ikkje beit seg merke i dette. Men dei hadde garantert merka det om Høegh hadde dradd til eit par skremmelege hakk og slik fått ungane til å gøyme seg i armholene til dei vaksne. Då hadde den lukkelege slutten blitt endå lukkelegare.

Storesøster er tradisjonell. Redd er ho også, på jenters vis … (uhu). Synd det ikkje var ein overrasking her! Når så søskena i tillegg er litt kjedelege figurar – snakkar og oppfører seg ganske ordinært – så kjem dei i skuggen av historia. Det hadde vore kjekt om jentene – og gutane – i salen hadde fått opplevd ei mindre kjønnsstereotyp førestilling.

Men når dette er «surmule», gratulerer eg teateret med eit herleg stykke!

Om Kjersti Kollbotn



 
  Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
Sidegenerering: 0.020 Sekunder