Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Tittel: Alt om Oldemor. Fire heilt ville forteljingar i ei nokså tjukk bok

Tekst: Ingvar Moe
Illustrasjon: Fam Ekman

Barnebok
Illustrert av Fam Ekman
365 sider
Det Norske Samlaget 2003

Meld av Lars Helge Nilsen

Om Pippi hadde vorte gamal…

Astrid Lindgren let aldri Pippi Langstrømpe få vekse opp, verte vaksen og få familie og eigne ungar. Godt er vel det, det kunne vore mykje opprør å halde greie på då. Men ein som oppdaga rebellen i andre enden av aldersskalaen, var Ingvar Moe (1936-1993). I åra 1984 til 1993 gav han ut fire sprelske lygesoger om ei oldemor som gjekk Pippi ein høg gang når det gjeld viltre påfunn og opportunistisk framferd. Ja, ikkje berre gjekk ho Pippi ein høg gang, det er truleg fleire likskapstrekk enn skilnader i dei to bokseriane. Det vil ein lett sjå, no når Samlaget har gjeve dei fire Oldemor-bøkene ut på ny, samla i ei nokså tjukk bok.

Alt om Oldemor, som boka heiter, og med ein treffande undertittel Fire heilt ville forteljingar i ei nokså tjukk bok, inneheld bøkene Heia Oldemor! Ei heilt vill forteljing frå 1984, Oldemor Rock! Ei nokså vill forteljing frå 1985, Oldemor og skurken. Ei endå villare forteljing frå 1989 og til sist Oldemor gifter seg. Ei heilt vill bryllaupsbok frå 1993. Dei tre fyrste er gjennomgåande illustrerte, med teikningar av Fam Ekman, sjølv barnebokforfattar og markant illustratør gjennom fleire tiår.

Dei fire bøkene er som ein kan sjå, skrivne over ein niårsperiode. Men på same måten som hos Astrid Lindgren og mange andre serieforteljarar, så veks eller utviklar ikkje hovudpersonane seg i særleg grad. Dei vert ikkje eldre, dei bur på same plassen og omgjevnadene er dei same. Rett nok er det ikkje sagt noko presist om Oldemor sin alder, ho kan vere 80, 90, 100 eller 110, det er ikkje godt å seie, så for den saks skuld så har ho kanskje vorte eldre. Men eg-forteljaren i bøkene, guten med det sære namnet Eide Plipp, han går heile tida i småskulen, og systera hans, som kallar seg Håkon Jarl, går i barnehagen. Mor og far til Eide Plipp og Håkon Jarl er begge i jobb, og Oldemor bur hjå denne familien som sentrum i eit evig konfliktfelt. Mellom dei to borna, som elskar den uortodokse kvinna over alt på jord, og dei vaksne, som helst ser at gamla får seg ein plass på aldersheimen, så mykje bråk og spetakkel som det er med henne. Andre gjennomgåande figurar er grashoppa Hoppi, lensmannen og lensmannsmora, og i dei to siste bøkene også den litle skurken, som Oldemor gifter seg med. Plassen dei bur på, er ikkje nemnd med namn, men den har både lensmann, ordførar, prest, apotek, kino, supermarknaden RIMAX 37400 og bussamband med Bergen, så det kan minne om eit typisk vestnorsk kommunesenter.

Slik mange foreldre og høgtlesarar irriterte seg over Pippi-bøkene då dei kom ut fyrste gong på femtitalet, og rynka på nasen over alle dei viltre påfunna og den lite høvelege framferda til jentungen med dei illraude flettene, på same vis trur eg mange vaksne held ein armlengds avstand til Ingvar Moe sin oldemorfigur. For ho gjer ikkje slik oldemødrer skal, ho kjenner ingen grenser, ho bryt alle konvensjonar når det gjeld god oppførsel og er ein superegoist med velutvikla trong til merksemd om eigen person. Ho nektar å sitje i gyngestolen å strikke slik ein forventar av oldemødrer (om ho ikkje gjer det for å innynde seg, då), ho eig ikkje bordskikk og ho er frekk i kjeften som ein full sjømann. Slik Pippi forferda mora til Tommy og Annika då ho hadde fint damebesøk, gjer Oldemor skam på mor då ho har syklubb. Pippi dreiv politifolka til vanvit med sine apestrekar, Oldemor plagar lensmannen i bygda jamt og trutt. Pippi hadde ein kiste med gullpengar, Oldemor skaffar seg uventa ein bråte med tusenlappar då ho mislykkast i å rane ein bank (!). Pippi dreg til Sørhavet, Oldemor reiser til Ålesund og Haugesund. Pippi har herr Nilsson, Tommy og Annika, Oldemor har Hoppi, Eide Plipp og Håkon Jarl. Slik kan ein halde fram, og at dei to er i slekt, er eg ikkje i tvil om.

Og: Slik Pippi alltid har vore for ungane - ein fantasifigur som representerer den gamle ønskjedraumen å kunne gjere det ein vil i same augneblink som det fell ein inn, med andre ord leike heile dagen utan å bry seg med vaksne sine reglar og påbod, slik blir Oldemor ein motsvarande ønskjedraum, at besteforeldre kan kaste seg rundt og gjere galne sprell og vere med i leiken på ungane sine premissar. Men slik gjer dei jo ikkje. Då er det godt å lese om ein som gjer nettopp dét.

Det er flott at Samlaget no gjer Ingvar Moe den æra å gje ut desse fire bøkene på ny. Dei har tolt 10-20 års lagring, og for ein vaksen lesar ser ein og tydeleg at bøkene fell godt innafor det prosjektet Ingvar Moe vigde heile forfattarskapen sin til: Å gje ei røyst til alle dei som fell utanfor normalen i (bygde)samfunnet. Men det er ei anna historie.

Andre anmeldte bøker av Fam Ekman:

  • Stor gutt
  • Fredag den trettende
  • Kall meg onkel Alf
  • Tidens tann
  • Stoff
  • Anmeldelser av flere titler i sjanger: Høytlesning/fortelling.

  • Debutanter fra flere forlag 2011
  • Fortell fra Spania, Tobben
  • Tre høytlesningsdebutanter: Strandløven, Jakten på den grønne lua og Sture og Manuel
  • Vesle-Hjalmar og vinterslottet
  • Eventyrboka
  • Du kan også søke på sjanger: Høytlesning/fortelling.

    Lagt til: 2003-02-06

    Relatert link: Om Lars Helge Nilsen   

    [ Tilbake til anmeldelser | Send en kommentar til redaksjonen ]


      Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
    Sidegenerering: 0.026 Sekunder