Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Tittel: Sirkelen

Tekst: Mats Strandberg, Sara B. Elfgren

Ungdomsroman
Mats Strandberg og Sara B. Elfgren
Sirkelen
Oversatt frå svensk av Gry Brenna
520 sider
ISBN: 978-82-05-41773-1
Gyldendal 2012

Anmeldt av Anne Viken

MAGISK PAGETURNER

Lat oss slå det fast med ein gong. Dette er ikkje Twilight i Fucking Åmål slik Gyldendal skriv på smussomslaget. Der Twilight er seig i starten, går Sirkelen i gang på side ein. Der Fucking Åmål famnar smalt, famnar Sirkelen breitt over ungdomslivet. Der Twilight hevar den moralske peikefingrar, lar Sirkelen deg tenke sjølv. Dette er rein, plain storytelling, eller feelgood feelbad, om du vil.


Skulen er vondskapens senter
Det startar på skulen, Elias er innkalt på rektors kontor. Alt no begynner bjellene å ringe. Like etter begår Elias sjølvmord på skuletoalettet medan mystiske stemmer kling i øyra og steg kjem etter han i korridoren. Først tenker ein at dette er hallusinasjonar. Han røyker trass alt hasj. Hasj kan få deg til å sjå to gonger over skuldra, men etterkvart forstår ein at det er noko anna, eller nokon andre, som er på ferde i Elias hovud.

Etterpå vert ein presentert for alle jentene som til saman utgjer Sirkelen. Dei har ulike roller i det sosiale livet, ulike familiesituasjonar, og i desse rollene blir deira magiske eigenskapar forstått og oppdaga.

Gode personskildringar
Fortellarstemma skildrar dei ulike personanes opplevingar i ulik grad innanfrå. Det er berre eit par av personane vi ikkje kjem inn i hovudet på, og det kan ha si årsak. Kanskje skuldast det magiske eigenskapar. Kanskje stenger dei oss ute. Nokre personar er meir sentrale enn andre. Dette kan kanskje kome til å endre seg i bok to og tre, for Sirkelen er første bok i ein triologi. Bok to, Ild kjem på norsk i 2013 og bok tre, Nøkkelen, i 2014.

Det kjedelege småstadslivet
Sirkelen foregår i Engelfors, eit gamalt arbeidarsamfunn med nedlagde butikkar, høg arbeidsløyse og jernbanespor. Og akkurat her, på denne mørke litt nedramla staden som gir oss inntrykket av hengande skyer, dystre bygningar og eit trykkande mørke, er magien sterkare enn på dei fleste andre stader på jorda. Fleire utsendingar har kome til Engelfors dette året. Minoo blir forelska i den nye læraren. Ei spådame har opna ein butikk i det ellers tomme kjøpesenteret der alt går konkurs. Skulen har fått ein ny rektor som plukkar hårstrå frå jakkene på alle som vert innkalla til kontoret.

Ein del av hinta i teksten er openbare. Det er magiske kattar og ravnar som lyttar til deg. Men vi skal bli lurt, for så å bli lurt på nytt. Alt er ikkje slik det ser ut.

Bestselgarspråk som funkar
Det er inga dødtid, ingen lange skildringar utan hending, for sjølv når Strandberg og Elfgren skildrar, skjer det noko. Handling, dialog, beskrivingar glir over i kvarandre. Det finst få transportettappar, og der dei finst, er dei økonomiske, relevante. Det er i grunnen vanskeleg å skrive om ei bok som så til dei grader funkar. Ein ting er bestselgarspråket. Det er klart, konsist og rett på sak. Sirkelen er ein pageturner av dei sjeldne. Det er underhaldningslitteratur på sitt beste. Den funkar like bra for vaksne som liker hekser og det magiske, som ungdommar. Den kan også omtalast som ei god samtidsskildring av tenåringslivet i småstadar etter tusenårsskriftet. Samtidsrealisme som innpakning for magi og det overnaturlege. Ein trur på forfattarane når dei seier at dei har ungdomstida ferskt i minne.

Mats Strandberg har frå før gitt ut tre romanar for vaksne. Dette er hans første roman for ungdom. Sara B. Elfgren er debutant. Dei har arbeida fram plottet, personane og historia ilag, skrive kvar sine kapittelt, bytt tekstar og gått gjennom alt saman til begge var nøgde. Slik tenker dei halde fram til Engelsfors-triologien ligg ferdig.

Snilt om sex, dop og alkohol
Sirkelen er hylla for å skildre svenske småstadsungdommars liv utan filter. Alkohol, sex, dop og problem med foreldra. Dette blir ein noko overflatisk påstand. Vi forstår at det er vanskeleg, men vi kjenner det ikkje heilt på kroppen. Det blir aldri verkeleg intenst, aldri verkeleg farleg. Vi bevegar oss på overflata. Her skil Sirkelen seg frå meir eksplisitt litteratur.

Vi kjem inn i hovuda, men ikkje under huda på karakterane. Men treng vi det, i grunn? Kanskje ikkje i denne sjangeren. Hadde beskrivelsane vore drøyare, hadde ikkje dette vore ein millionbestselgar i internasjonalt format. På det nivået Sirkelen held skildringane, held den seg innanfor rammene av kva dei fleste av oss tåler å lese utan å heve den moralske peikefingeren. Kalkulert bestselgergrep, kan ein tenke, men kvifor ikkje. Når ein bok funkar, funkar den. Personane er gode, både i si framtoning og i sin kontekst. Dei opererer i svært ulike familiesituasjonar og miljø. Dette gjer dei interessante utover rollene som tenåringshekser. Deira einaste felles eigenskap er at dei bur i Engelsfors.

Plottet som drivkraft
Av same grunn blir heller ikkje omtalen av sex, dop og alkohol noko argument mot yngre lesarar. Dette tåler dei. Magien vi møter er heller aldri graverande skremmande, men skremmande nok til at du ser deg over skuldra og lurer på om du tørr legge deg med lyset av. Spenninga er i stor grad knytta til kva det er som foregår, kven som har ulike roller, venn eller fiende. Dei vonde maktene er uforutsigbare. Dei magiske felta vert sterkare. Kven kan ein stole på?

Dette er noko anna enn Twilight. Det er betre enn Fucking Åmål. Det er Sirkelen og den held deg oppe halve natta. Står det nokon i kroken eller er det berre meg? Eg er faktisk ikkje sikker. Det skal du heller ikkje vere. Demonar inntek byen, heksene samlar seg og Rådet har ikkje kontroll.

Anmeldelser av flere titler i sjanger: Ungdomsroman.

  • Mæhle, Lars: Fuck off. I love you
  • Noen roper navnet mitt
  • Hundetanker og Elise og mysteriet med dei døde hestane
  • Min tid kommer
  • Bomb dem
  • Du kan også søke på sjanger: Ungdomsroman.

    Lagt til: 2012-02-08

    Relatert link: Om Anne Viken   

    [ Tilbake til anmeldelser | Send en kommentar til redaksjonen ]


      Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
    Sidegenerering: 0.025 Sekunder