Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Tittel: Svalene under isen

Tekst: Gaute Heivoll
Illustrasjon: Lisa Aisato

Bildebok

Gaute Heivoll (tekst)
Lisa Aisato (bilder)
Svalene under isen
ISBN:9788202301064
Cappelen Damm 2012

Anmeldt av Øystein Espe Bae

OM DET Å SMELTE SAMAN

I Gaute Heivoll og Lisa Aisatos bildebok Svalene under isen utviklar både forfattar og illustratør seg vidare, og saman har dei skapt ei isande taktil, men varm forteljing om den første kjærleiken.


Ute går det frå haust til vinter, og under den tynne, nytilfrosne isen, kan Jon skimte to svaler i vatnet. Over isen, møter han for første gong Line med dei store ullvottane, og ”bobler av sølv” stig heile vegen opp frå magen hans. Dei blir samde om å tjuvlåne pappaen til Jon si øks, for å lage eit frigjerande hol i isen, slik at svalene kan kome fri.

Gjennom korthogde, men utvidande dialogar mellom Jon og Line, skriv Heivoll fram byrjinga på eit ungt kjærastepar sine sansingar og kjensler:

    – Jeg er redd, hvisket Line. –Tenk om svalene kommer.
    – De ser oss ikke her, sa Jon.
    De satt tett inntil hverandre. Line hadde ei stor boblejakke og han kjente lukten av håret hennes. Det var fint og litt rart, og etter en stund begynte sola å synke ned bak åsen.
    – Så kaldt det er, sa Line.
    – Sett deg nærmere meg, sa Jon.
    – Nå er vi kjærester, sa Line.
    – Det vet jeg vel, sa Jon.
Frå memento mori til memento vivere
I Heivolls førre bildebok i trilogien, Båten mellom stjernene (illustrert av Line Halsnes) handlar det om Line, som saman med far sin, dreg ut på ein eksistensielt lada båttur for å kike etter bever. Det er ei mørkare stemning som skil seg frå Svalene under isen, både verbalt og visuelt, og ute på det bølgjande standardtoposet som er midtvegs mellom liv og død, har Line eit møte med hennar avdøde bestefar. Eller var det beveren?

Og sjølv om Øyvind Lauvdahls flotte svart-kvitt-illustrasjonar bidrog til å gjere det visuelle inntrykket annleis i den første boka, Himmelen bak huset, så har historia her også ei dragning mot det trist forg(r)åtte, om ei død mor som ein liten gut berre kan drøyme til live igjen.

Annleis er det altså i Svalene under isen. Klumpen i magen er smelta, det er ingen som er døde. Men undringa over, og ønsket om å kome nærare det som er under, bak eller på andre sidan, er likevel vidareført frå dei to første bøkene. Isen held så vidt tyngda av dei to forelska barna. Dei kjem seg trygt i land når isen sprekk opp med eit brak, ”Og Jon tenkte at i morgen skulle han kjenne på håret hennes. Så forsiktig at hun ikke merket noe som helst”.

Utvikling
Lisa Aisatos illustrasjonar fungerer svært godt saman med Heivolls verbaltekst. Men ein kan tydeleg spore ei utvikling i formspråk: Aisatos uttrykksform liknar ikkje det ho har gjort tidlegare. Debutbildeboka Mine to oldemødre (2008), framstår som den rake motsetninga kva gjeld fargebruk og stil, men retrospekt møter den likevel Heivolls produksjon tematisk, då den handlar om familiemedlemmar som går bort, og eit barns kjensler om dette. Heller ikkje bildeboka hennar Odd er et egg (2010) minner noko om uttrykket i Svalene under isen.

Lydhøyr dialog
Formspråket til Aisato er altså pragmatisk lyttande i høve Heivolls verbaltekst, og er vidareutvikla drastisk i løpet av kort tid: Der ho tidlegare brukte kritt i sterke fargar til å illusterere Bringsværds Tambar-bøker, så rommar Svalene under isen òg ei lagvis blanding av data, akvarell, blekk og pennesplitt. Fargebruken er regressiv avmålt i høve tidlegare, for det meste variasjonar av kvit/grå-blå, med innslag av raude kinn og skinande, glasaktige barneauge.

Det er tydeleg at bildeboka har kome til som følgje av ein lydhøyr dialog mellom forfattar og illustratør: Den eine tek vekselvis over der den andre slepp. Ho bruker kvar oppslagsbreidd til å fryse fast varme kjærleiksstemningar i eit rimblåttisunivers som stadig endrar form, slik varmt vatn utvidast ved frysepunktet.

Taktilt isunivers
Aisato opnar opp mellom inne og ute, og vrir på perspektiva: Då Jon ”vred seg på stolen mens han kikket ut vinduet”, fjernar Aisato veggane mellom frukostbord og den mjølkekvite himmelen og den rimlagde lufta, slik at himmel og jord går heilt over i kvarandre. På samme måte som førestillingsverda Jon og Line har (om svalene) går ut over det rasjonelle, inn i denpoetisk fantaserande, symbolske isverda vi kjenner att frå Bråtveit og Vesaas (i ein meir barnevenleg versjon). Denne isverda sine varierande sjatteringar gjennom rim og vinterlys lukkast Aisato gjere nesten taktil.

Vellukka perspektivskifter
Og i løpet av fem oppslag snur Aisatoalt på hovudet på fint vis. Frå Jons lengselsfulle synsstad ser vi først Line forsvinne gjennom trea. Eit fugleperspektiv gir så overblikk over den store, rimspraglete isen med to små kroppar som ligg på magen og ser ned mot djupet, før Aisato går via eit nivellert tredjepersons bysteutsnitt av Jon og Line som ser forventningsfullt på kvarandre, til eit invertert isbilde, sett nedanfrå, der lysstrimer brytvassflata på veg ned mot botnen.Som gjennom eitundervasskamera ser vi dei små andleta til Jon og Linelangt der oppe i issprekken, filma opp ned, i det som er kanskje det mest effektfulle einskildoppslaget i boka – og det siste som skjer før isen smeltar.

Svalene manifisterar seg ikkje klart for lesaren i ikonoteksten, men symbolikken blir både tydeleggjort og utvida for den unge lesaren i dialogen på siste sida:
    – Er det sant det du sa, spurte hun. – Er det sant at du så meg under isen?
    Jon kjente at han ble varm i kinnene.
    – Jeg så svalene også, svarte han. De fløy under oss da vi sprang.
Slik blir Svalene under isen ei vakker og poetisk forteljing om lett identifiserbar, ung kjærleik, som har mange rom lesaren sjølv kan fylle ut. Gaute Heivoll kallar sjølv boka allalderlitteratur, men spørsmålet er om dette ikkje er meir allalderkunst, då det her er mykje meir til litteraturen enn sjølve verbalteksten.

Andre anmeldte bøker av Gaute Heivoll:

  • Himmelen bak huset
  • Andre anmeldte bøker av Lisa Aisato:

  • Tambar er et troll og Tambar og harepusene
  • Don Fridtjof
  • Odd er et egg og Kubbe lager museum
  • Anmeldelser av flere titler i sjanger: Billedbok.

  • Verdens første ballongferd og Anda i ødemarka
  • Jalvar Yang og den uforunderlige dagen
  • Hullet og Malermester Grønn
  • Vampyrlus
  • Diktatoren
  • Du kan også søke på sjanger: Billedbok eller tema: Forelskelse.

    Lagt til: 2012-05-30

    Relatert link: Om Øystein Espe Bae   

    [ Tilbake til anmeldelser | Send en kommentar til redaksjonen ]


      Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
    Sidegenerering: 0.025 Sekunder