Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Tittel: Villheks. Eldprøva

Tekst: Lene Kaaberbøl

Roman
Lene Kaaberbøl
Villheks. Eldprøva
146 sider
ISBN: 9788252179033
Samlaget 2012

Anmeldt av Øystein Espe Bae

AUDMJUK MAGI FRÅ KAABERBØL

Lene Kaaberbøls heksebok Eldprøva skil seg ut positivt frå massen av høgtsvevande fantasybøker ved si audmjuke insistering på at menneska må bli flinkare til å forstå og lytte til naturen og dyra rundt seg.

Danske Kaaberbøl treng ikkje knappast ein introduksjon i barnelitterære lesarkrinsar lenger. Ho har ein stor og godt motteken produksjon av barne- og ungdomsbøker. Mest kjent er ho nok for den kommersielle storsuksessen Skammarserien, som for eit tiår tilbake viste korleis ein bør snekre saman eit solid og spanande narrativt reisverk for lesehestar i alderen 10-14.

Til saman har ho selt om lag 3 millionar bøker, og sjølv om slike salstal i seg sjølv er ein god nok grunn til å ta fenomenet Kaaberbøl på alvor, er det viktigare ting enn Eldheks si nesten garanterte publikumstekke som opptek meg her, nemleg hennar smittande dyreetos og velfungerande dramaturgiske vingespenn.

Fin inngang
Clara går i 5-klasse og lev eit vanleg liv, heilt til ho finn ut at ho har magiske villheks-evner. Evnene består i å kunne snakke sannferdig med, forstå og påverke naturen og dyra rundt seg i det godes teneste.

Mora til Clara, som heile tida har visst om dei latente evnene til dottera, må etter nokre uhyggjelege hendingar motviljug innsjå at det er nødvendig å sende Clara på opplæring hos villhekstanta Isa, langt inne i skogen. Og som i dei fleste fantasyunivers, merkar lesaren fort at alt ikkje er så harmonisk som det burde. Eg trur med sikkerheit at den unge lesaren trur på og heng seg kjapt på prosjektet om å gjere Clara motstandsdyktig mot vondskapen ved å la henne utvikle dei latente hekseevnene sine.

Urettferdigheit som verkemiddel
Kaaberbøl teiknar som fleire gongar før opp eit distinkt, parallelt eksisterande moralunivers som den unge heltinna må meistre. Eit premiss for å bestå eldprøvene, som er hovudklimakset mot slutten av boka – og med det unngå å bli Kimæras tenar –er at Clara handlar sannferdig og spelar på lag med potensielt farlege naturkrefter utan å vise at ho er redd. Kaaberbøl spelar fornuftig nok på rettferdigheitssansen til dei unge, og det at Clara må kjempe mot den retorisk slu Kimæra allereie før ho har rekt å bli ferdig skulert av tanta, er noko som tilfører ektefølt engasjement i bokas første del.

Den vonde Kimæra, som òg spelar ei rolle vidare i serien, er skildra på ein fryktinngytande måte. Ho er usedvanleg sterk, og er utstyrt med kanskje den eigenskapen frå dyreriket som menneska har skrive mest om og lengta mest etter i draumane sine; evna til å flyge. Det er ikkje vanskeleg å tenke seg at den uferdige Claras kamp mot henne framstår usedvanleg spanande og er perfekt for ein 10-12åring.

Kaaberbøl kan dramaturgi, og spaningskurva er presist hakka opp. Den lettlesne teksten vekslar lesarvenleg mellom direkte fysiske tilspissingar som nesten går på livet laust, og dialogar med driv der noko viktig står på spel og spaninga ligg i lufta heile tida:

    ”Det må iallfall bli slik,” sa tante Isa. ”Lås døra etter meg. Og ikkje gå ut. Og slepp ikkje andre inn. Er det forstått?”
    ”Ja,” sa eg. ”Eg skal vere forsiktig.”
    Eg meinte det då eg sa det. Men ibland går det berre ikkje heilt slik ein trur. (...)
    Kvifor kom ikkje tante Isa tilbake? Hadde det ikkje gått ein time snart? Uroa kraup inn i kroppen på meg i takt med at det mørkna ute.” (71)
Ein røynd lesar av spaningsbøker anar at noko svært skummelt er i ferd med å skje – og får heldigvis rett i mistankane. Ei innvending kunne ha vore at Kaaberbøl på den måten ikkje tek sikte på å overraske lesaren, men det at ho skriv såpass godt innanfor sjangeren, gjer at innvendinga ikkje er like relevant – og særleg ikkje for den unge lesaren.

Relasjonar å byggje vidare på
Sjølv om første bok i serien handlar mest om Clara versus Kimæra, er det òg andre relasjonsaksar av interesse her, som bidreg til historia si truverde og utvikling(spotensial). Faren er typisk nok er ikkje tilstadeverande i historia, men det er jaggu meg nesten ikkje mora heller. Clara sitt forhold til mora er i begynnelsen av boka sosialrealistisk skildra og prega av mangel på forståelse og relasjonell meirverdi.

Kaaberbøl let på ein klassisk vis den utvalde heltinna flykte frå den keisame og magilause tilværa, inn i eit anna kosmos – ei reise lesaren meir enn viljug følgjer med på.

Hos den meir spanande tanta Isa, møter Clara òg Kahla, ein jamgammal villhekslærling som blir med vidare i tospann. Ho er heldigvis såpass rundt karakterisert og vanskeleg å setje i bås at det vert spanande å følgje med korvidt ho er lojal mot Clara vidare i serien, eller om ho som lesaren mistenkjer, held gunsten til den felles læremeisteren tante Isa høgare...

Moralunivers og dyreethos Akkurat dette med moralunivers er Kaaberbøl svært god til. Ho evnar formidle audmjuk innsikt om kva det vil seie å vere eit godt menneske, samtidig som ho fortel drivande godt med typiske fynd-klemske verkemiddel som tilhøyrer sjangeren. Som i ei real heksegryte blandar ho det urealistisk magiske med det nære og realistisk identifiserbare. Dette er hennar uttalte desautomatiserande poetikk: Ho vil gjere lesaren merksam på den kvardagslege naturen og dyrelivet som omkrinsar henne til dagleg, som ho normalt sett tek for gitt og er lite lydhøyr overfor.

I Eldprøva sine natur- og dyreskildringar kjenner lesaren igjen dyr og natur frå det skandinaviske nærmiljøet, men ho kan samstundes fantasere og gå seg vill på ”villvegane”, som i boka er portalen mellom det trygge og det fantastiske, der dei evnerike heksene kan bevege seg lynhurtig mellom kategoriane tid og stad.

Tekstar om dyrespørsmål har alltid fenga born, og måten dette er gjennomført på her, med ei insistering på at ein vinn fram først om ein har empati og står på likefot med dyra og naturen generelt, er eg sikkert på at går heim hos dei yngre lesarane, som jo ofte er dei første til å intuitivt reagere negativt på dyremishandling og liknande ignoranse i det verkelege liv.

Villheksserien kjem parallelt på bokmål og nynorsk. Eg har lese boka i Øystein Rosses nynorske språkdrakt, og det må seiast at han lukkast godt med å formidle eit driv i forteljinga og nærleik til det fortalte. I Danmark har det allereie kome ut tre bøker i serien, den fjerde kjem til hausten, og Kaaberbøl stakk i år fortent av med Orla-prisen for andre gong.

Andre anmeldte bøker av Lene Kaaberbøl:

  • Skammarens dotter og Skammarteiknet
  • Skuggeporten
  • Anmeldelser av flere titler i sjanger: Barneroman.

  • Kven er snillast av far og mor?
  • Engelen i Djevelgapet
  • Familien Kråkestup og nyset i nabohuset
  • Hockeysveis fører til dårlige rim
  • Carla, min Carla
  • Du kan også søke på sjanger: Barneroman.

    Lagt til: 2012-06-14

    Relatert link: Om Øystein Espe Bae   

    [ Tilbake til anmeldelser | Send en kommentar til redaksjonen ]


      Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
    Sidegenerering: 0.025 Sekunder