Velkommen til barnebokkritikk.no
Hjem Kontakt Om barnebokkritikk.no Bestill nyhetsbrev Ressursside Søk
INNHOLD
Anmeldelser
· Bøker
· Scenekunst
· Diverse
· Fag og forskning

Annet innhold
· Artikler
· Barnebokminne
· Debatt
· God, ikke oversatt
· Likt og ulikt

JASSÅ?!?
I forbindelse med anmeldelsen av Knut Linds bok om Muhammed, gjengir vi her Julius Schnorr von Carolsfelds oppgjør med de kristne «Billedstormerne» fra 1840...


BARNEBOKMINNE
Illustratør Jens Kristensen skriver om:


DESSUTEN ...
* Bestill vårt gratis nyhetsbrev.
*Følg oss på FACEBOOK og TWITTER
* Neste oppdatering kommer 14. november.

   Utskriftsformat  Utskriftsformat    Tips en venn  Tips en venn

Tittel: Jalvar Yang og den uforunderlige dagen

Tekst: Lene E. Westerås
Illustrasjon: Jens Kristensen

Biletbok
Lene E. Westerås
Jalvar Yang og den uforunderlige dagen
Illustratør: Jens Kristensen
30 sider
Marg 2012

Meldt av Øystein Espe Bae

Stiller høge krav til formidlaren

Høgtlesaren får ei utfordring i denne forunderlege fantasien om kva draumar er laga av.


«Innsidejobb»
Lene E. Westerås debuterte på tromsøforlaget Margbok med biletboka Vilja på handletur (2010). Westerås er tilsett som redaktør i det same forlaget, og gir såleis på ein måte ut si biletbok nummer to, Jalvar Yang og den uforunderlige dagen eigenhendig.

Å vere sin eigen redaktør gir frie tyglar, men for slakke lisser snublar ein jo fort i. Westerås har forhåpentleg sparra teksten mot ein ekstern redaktør, for kvaliteten på sluttproduktet er, som alltid, avhengig av ein balanse mellom redaksjonell (sjølv)sensur og kreativt firsprang. I Jalvar Yang og den uforunderlege dagen har Westerås ein erfaren medryttar i illustratør Jens Kristensen, som gir den totale ikonoteksten retning, piskar opp energi og momentum, der verbalteksten av og til går seg litt fast i sitt eige, masete trav.

Store krav til formidlaren
For skrivemåten til Westerås er den same som i debutboka om Vilja på handletur, og innvendingane mine er dei same som Linn T. Sunne var inne på for eit par år sidan i meldinga si her på denne nettstaden: Det som er Westerås si styrke, er framdrifta som den svært repeterande stilen virvlar opp frå dei fargemetta sidene, ein stil som mimar korleis eit overivrig barn snakkar, korleis dei verbaliserer opplevingar og fortel spanande historier. På det beste fungerer det, og stilen har potensial til å smitte den unge lyttaren med Jalvar Yangs marerittpuls. Men sjølv om språket og stilen er enkelt og repeterande, og leddsetningane er mange, varer ei setning/periode fort ei heil side, og set krav til den vaksne lesaren si formidlingsevne, uvanlege krav for ei bildebok av denne typen:

    Inne i rommet i rommet står den firkantete fyren ved
    siden av en paddeflat maskin en veldig stor paddeflat
    maskin og den er paddeflat som et vaffelkakejern og
    inni vaffelkakejernet tyter det ut en grønn jakke det
    tyter ut en grønn jakke og inni den grønne jakka tyter
    det ut en arm og ved siden av armen tyter det ut et
    ansikt og ansiktet er helt flatt med flat panne og flate
    kinn og flate lepper og den firkantete fyren presser og
    presser og presser vaffelkakejernet sammen og flirer
    og flirer og flirer og plutselig plutselig ser han rett på
    Jalvar Yang han ser rett på Jalvar Yang.
Den beste måten å finne ut om passasjar fungerer, er å lese dei høgt. Her slit eg litt med å finne ein kurant måte å begynne og avslutte lesinga av sitatet ovanfor, tenkt i kontekst med eit barn. Barn undrast over og set pris på rare formuleringar, men det er ikkje på førehand gitt at Westerås treff blinken her. Det er uansett eit modig val. Men eg trur spaninga i historia om Jalvar er litt for avhengig av ein formidlingsperson som evnar å legge trykket på den rette leddsetninga, som tek pauser og som er lydhøyre for barna sin individuelle, kognitive kapasitet, og som fyrer opp stemninga og tempoet der det høver seg.

Kjent mønster
Historia har ein heime-ute-heime-struktur, eller vaken-drøyme-vaken, om ein vil, ein typisk barnebokformel som det er ukomplisert å kjenne igjen, også for barn som har høyrt ei historie eller to før. Vi møter Jalvar Yang idet heile soverommet hans snur seg opp ned og ingenting ser ut som før. Reisa går ut på havet, til ei stor treskute, og her møter han alt frå badeender, blekksprutar, ei raudhåra havfrue - og ein firskåren fyr i ein trekanta hatt som vi aldri får vite kven er. Men at han er farleg for Jalvar, blir det etterkvart ingen som helst tvil om, noko som blir eskalerande tydeleg i sitatet over. Jalvar lukkast så vidt med å flykte frå denne firkanta fyren (som han kallast i boka) før han vaknar opp - og meir komplisert er ikkje plotet.

Men kven er det eigentleg han flyktar frå? Alle elementa frå draumen stammar opphavleg frå rommet hans, bortsett frå denne firkanta fyren. Og fordi han kan sjåast på ein skummel vaksenutgåve av Jalvar sjølv, er det nærliggande å gå ut i frå at Westerås - eller Kristensen - har blanda inn ein freudiansk klangbotn i marerittet, frykta for farsfiguren, utan at dette treng å vere relevant for barnet som opplever historia. Når Jalvar vaknar på siste side av boka, er alt som før, og lesaren ser for første gong den originale tøydokkeversjonen av blekkspruten, badeanda i plast og vaflane på fatet ved senga, og koplar vonleg saman desse til motiva i draumen.

Opp-ned-estetikk
Jalvars draum er verkelegheita, berre opp ned, sjølv om Kristensens illustrasjonar vatrar seg oppatt på neste oppslag, etter vi har gått inn i drøymeuniverset. Den uforunderlige dagen, er eigentleg ei natt, og draumen er jo saktens forunderleg i sin natur, ikkje uforunderleg. Her er det mange måtar lesaren kan bli forvirra på, og det er nok meininga.

Når det gjeld framandgjering, høver Kristensens illustrasjonar svært godt: Kristensen visualiserar og bygger ut Westerås sitt draumelandskap med eit formspråk som både liknar andre bøker han har illustrert, til dømes dei til Kari Sverdups Gull-Rot eller Linn T. Sunnes Min venn himmelen, men som også er meir ukontrollert i forma og fargesterke enn desse, som seg hør og bør i ein draum Her er det færre klare linjer, færre duse fargar og glatte flater enn tidlegare. Dei mimisk stilleståande, nærast uttrykkslause andleta vi kjenner frå hans tidlegare arbeid, er mjukna litt opp. Auga er framleis store, runde glanskuler, men fjesa er gitt meir emotive detaljar og substans. Slik lukkast Kristensen i større grad å utfordre og gjere draumen skumlare enn Westerås sin verbaltekst evnar, og samstundes gi eit større grunnlag for identifikasjon eller frykt knytt til ansikta.

Bileta som medforteljar
Ein draum er ofte eit samansurium av urolege element, matter out of place og sterke kontrastar, men på same tid som Kristensen er på linje med uroa som Westerås skriv fram, og pøsar på med sterke fargar og overdimensjonering, bidreg han òg til ein narrativ framgang berre gjennom illustrasjonane, som altså tek på seg eit ansvar ut over informasjonen verbalteksten gir. Kristensen leikar med proporsjonar og perspektiv: Plutseleg er motiv halvvegs på veg ut av biletramma, på veg inn i det neste oppslaget, og når den firkanta fyren er på sitt skumlaste (han utviklar seg heile tida, som i ein draum), er han også teikna på sitt største av Kristensen.

Endringa i fyren sin storleik korresponderer med Westerås si vilje til å utfordre (opp)lesaren med lange tekstsekvensar fuga saman berre av talrike bindeord. Persepsjonen hoppar mellom dei mange ulike objekta Kristensen har spreidd utover dei doble oppslaga, medan verbalteksten repeterer, omformulerer og terpar på dei same setningsemna. Nokre gongar fungerer det, andre gongar tek eg meg i å ønske enda meir samsvar mellom det kaotiske visuelle uttrykket til draumen, og tempoet og energien i verbalteksten. Noko av dette kan dei dramaturgiske grepa til ein bevisst formidlar kompensere for. Ein kan seie at slik vil det alltid vere, når ein lesar formidlar ein tekst til barn. I tilfellet Jalvar Yang og den uforunderlige dagen blir dette ekstra tydeleg.

Andre anmeldte bøker av Lene E. Westerås:

  • Tre bildebokforfatterdebutanter: Vilja på handletur, Søppel og Mormor i speilet
  • Anmeldelser av flere titler i sjanger: Billedbok.

  • Verdens første ballongferd og Anda i ødemarka
  • Hullet og Malermester Grønn
  • Svalene under isen
  • Vampyrlus
  • Diktatoren
  • Du kan også søke på sjanger: Billedbok eller tema: Kunst/kultur.

    Lagt til: 2012-09-20
      

    [ Tilbake til anmeldelser | Send en kommentar til redaksjonen ]


      Web site engine's code is Copyright © 2002 by PHP-Nuke. All Rights Reserved. PHP-Nuke is Free Software released under the GNU/GPL license.
    Sidegenerering: 0.023 Sekunder